Norges Musikkorps Forbund sitt medlemsmagasin "Ambis" skriv i nr. 2/2010 at det lyser raudt for Forsvaret sine musikkorps. Dette er ikkje noko nytt. Med ujamne mellomrom har politikarar og departement stilt spørsmål ved militærkorpsa og alltid har konklusjonen vore den same. Korpsa går vidare - under tvil. Kva skjer no?
I desember 2009 fekk Forsvarsmusikken ordre om å kutte 3,5 mill.kr. i budsjettet samstundes som inntektskravet vart auka med 4%. Dette er ikkje lite for ei offenttleg institusjon som heller burde fått auka løyvingar enn kutt. Situasjonen er no så alvorleg at musikarane sin hovudtillitsvalde er teken ut av teneste for å arbeide med kutta på heiltid. Utspelet frå forsvarsleiinga står i grell kontrast til St.meld 33 (2008 - 2009) Kultur å forsvare. Om kulturvirksomheten i Forsvaret fram mot 2020, der det står:
"Regjeringen mener at fokuset fremover bør være på å styrke korpsenes kunstneriske uttrykk og repertoar, herunder en gradvis, moderat opptrapping i de mindre korpsenes besetning."
Det er underleg at Forsvarets musikk stadig kjem opp til vurdering til tross for at departementet kjenner på rams argumenta som følgjer. Ein ting er at Forsvaret treng profesjonelle korps. Det har alle nasjonar med eit minimum av respekt for seg sjølv. Ei heilt anna sak er at musikarane som er tilsett i Forsvarets korps er viktig for det frivillige musikklivet. Norge har ein stolt korpstradisjon som i alle år har gjort nytte av musikarar frå Forsvaret sine korps som instruktører ved seminar og som dirigentar. Vi er mange som har følt inspirasjonen frå musikarar som kjenner instrumentet sitt slik berre profesjonelle gjer og som erkjenner musikkoprsa si rolle som rekrutteringsbase for både frivillig musikkliv, for læreinstitusjonar innanfor musikk og for rekruttering til musikk som yrke. Sjølv hadde eg gjennom ungdomsåra ein av desse militærmusikarane som lærar på trombone - noko som har gitt meg ein hobby for livet.
Eg slit med å forstå at det skal vere dei militære korpsa som veltar forsvarbudsjettet, eg slit med å forstå at argumenta for forsvarsmusikken må repeterast i det uendelege og eg slit med å forstå den smålege kulturforståinga som ligg til grunn for heile saka.
Og det verste er eigentleg at den tidlegare nemnde stortingsmeldinga ikkje ser ut til å ha nokon føring i det heile, til tross for at den skulle vise veg for Forsvarets kulturbidrag fram mot 2020 og bringe ro rundt Forsvarsmusikken. Forstå det den som kan.
lørdag 1. mai 2010
Forsvarsmusikken skvises, igjen.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
14:35
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


0 kommentarer:
Legg inn en kommentar