tirsdag 2. mars 2010

Sogndal storband feirer 30 år

Det har vore stille på Kvartventilen sidan oktober i fjor. Tida har gått med til alvor og tøys på Facebook og blant dei kvitrande, noko som på merkverdig vis dreg merksemd frå mykje anna som kunne vore kjekt å drive med. Men no skal Sogndal storband feire og då er det berre blogg-formatet som duger når nokre meir eller mindre velvalgte ord skal på papiret - eller skjermen.

Sogndal storband vart starta i 1979 og feira såleis 30 år i 2009. Storbandet har vore i drift meir eller mindre kontinuerleg i desse 30 åra og vi har etter beste evne prøvd å formidle jazzens storformat gjennom dansejobbar og konsertar .

Av ymse grunnar var det ikkje mogeleg for oss å arrangere konsert i sjølve jubileumsåret 2009, men no er vi klare og inviterer til feiring i Sogndal kulturhus, laurdag 6.mars kl 18.00.

Til konserten har vi invitert komponisten, arrangøren, orkesterleiaren og trombonisten Helge Sunde som vår gjest. Helge kjem opprinneleg frå Stryn, men bur no i Oslo. Han er særleg kjent for sitt arbeid med Oslo Groove Company på 80 og 90-talet, og dei seinare åra med hans eige band Ensemble Denada. Til konserten søndag har Sogndal storband fire av Helge sine komposisjoner/arrangement på programmet. Elles er programmet lagt opp som eit tversnitt av det storbandet har jobba med dei seinare åra - eit spenn frå dansemusikk og tradisjonell storbandswing, via Duke Ellingtons Second Sacred Concert til Helge Sundes moderne storbandjazz.

Med oss har vi også lokale gjester. Dansegruppa Chiribita frå Leikanger har laget koreografi til filmmusikken frå Rocky (Gonna Fly Now) og skulemusikantar frå Leikanger, Sogndal og Årdal vil spille eit fellesnummer saman med storbandet.

Du og alle du kjenner er hjarteleg velkommen til kulturhuset på laurdag til omlag halvannan time med musikk frå det eldste og einaste storbandet i Sogn.

0 kommentarer: