Media har siste tida gjort alt dei kan for å gjere svineinfluensan til ei stor sak. Fagfolk prøver å roe folk ned med at dette er ein influensa som ikkje er spesielt farleg for dei som ikkje er kronisk sjuke eller har ein anna underliggande liding. Lite hjelper det når journalistane insisterer på å avslutte alle intervju av fagpersonar med spørmålet om kor mange som kjem til å dø i Noreg av denne sjukdomen.
No er journalistane tydlegvis skremt av sine eigne overskriftar. NRK har hengt opp dispenserar med desinfeksjonsmiddel for å sikre god handhygiene og TV2 har Tamiflu på lager. Mediehusa frykter svarte skjermar dersom 20-30% av arbeidsstokken blir sjuke.
For det første kan ein spørje seg kvifor media no begynner å lager saker på si eiga handteringa av pandemipanikken. For det andre kan ein spørje seg kva det er som er så kritisk med at akkurat desse to mediabdriftene blir råka.
Eg vil tru at alle verksemder som får 20-30% av arbeidsstokken sett ut av spill vil vere i problem, og for nokre verksemder eller samfunnssektorar vil det vere langt værre enn for NRK og TV2.
Istanden for å stadig prøve å gjere sjukdomen til ein dødeleg pest, burde media heller få fram nokre saklege artiklar/reportasjar om samfunnsmessige og samfunnsøkonomiske konsekvensar av at eit stort antal abeidstaarar kan bli sjuke samstundes. Kva skjer derom 30% av sjukepleiarane eller flygeleiarane eller forvaltarane av oljeondet blir sjuke? Og kva skjer om dei, pluss nokre yrkesgrupper til, blir sjuke samstundes? Det hadde vore langt meir interessant enn sjølvopptekne artiklar om media og journalister.
Eg meiner å hugse at vi klarte oss bra nokre dagar utan aviser sist gong journalistane streika. Men det var kanhende ei anna sak?
søndag 26. juli 2009
Svinefrykt i eteren
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
00:07
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


0 kommentarer:
Legg inn en kommentar