Norges Musikkorps Forbund sitt medlemsmagasin "Ambis" skriv i nr. 2/2010 at det lyser raudt for Forsvaret sine musikkorps. Dette er ikkje noko nytt. Med ujamne mellomrom har politikarar og departement stilt spørsmål ved militærkorpsa og alltid har konklusjonen vore den same. Korpsa går vidare - under tvil. Kva skjer no?
I desember 2009 fekk Forsvarsmusikken ordre om å kutte 3,5 mill.kr. i budsjettet samstundes som inntektskravet vart auka med 4%. Dette er ikkje lite for ei offenttleg institusjon som heller burde fått auka løyvingar enn kutt. Situasjonen er no så alvorleg at musikarane sin hovudtillitsvalde er teken ut av teneste for å arbeide med kutta på heiltid. Utspelet frå forsvarsleiinga står i grell kontrast til St.meld 33 (2008 - 2009) Kultur å forsvare. Om kulturvirksomheten i Forsvaret fram mot 2020, der det står:
"Regjeringen mener at fokuset fremover bør være på å styrke korpsenes kunstneriske uttrykk og repertoar, herunder en gradvis, moderat opptrapping i de mindre korpsenes besetning."
Det er underleg at Forsvarets musikk stadig kjem opp til vurdering til tross for at departementet kjenner på rams argumenta som følgjer. Ein ting er at Forsvaret treng profesjonelle korps. Det har alle nasjonar med eit minimum av respekt for seg sjølv. Ei heilt anna sak er at musikarane som er tilsett i Forsvarets korps er viktig for det frivillige musikklivet. Norge har ein stolt korpstradisjon som i alle år har gjort nytte av musikarar frå Forsvaret sine korps som instruktører ved seminar og som dirigentar. Vi er mange som har følt inspirasjonen frå musikarar som kjenner instrumentet sitt slik berre profesjonelle gjer og som erkjenner musikkoprsa si rolle som rekrutteringsbase for både frivillig musikkliv, for læreinstitusjonar innanfor musikk og for rekruttering til musikk som yrke. Sjølv hadde eg gjennom ungdomsåra ein av desse militærmusikarane som lærar på trombone - noko som har gitt meg ein hobby for livet.
Eg slit med å forstå at det skal vere dei militære korpsa som veltar forsvarbudsjettet, eg slit med å forstå at argumenta for forsvarsmusikken må repeterast i det uendelege og eg slit med å forstå den smålege kulturforståinga som ligg til grunn for heile saka.
Og det verste er eigentleg at den tidlegare nemnde stortingsmeldinga ikkje ser ut til å ha nokon føring i det heile, til tross for at den skulle vise veg for Forsvarets kulturbidrag fram mot 2020 og bringe ro rundt Forsvarsmusikken. Forstå det den som kan.
lørdag 1. mai 2010
Forsvarsmusikken skvises, igjen.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
14:35
0
kommentarer
mandag 26. april 2010
Nettopp høyrt: Bombella (Abdullah Ibrahim & WDR Big Band Cologne)
Av og til snublar ein over plater som viser seg å vere i ei klasse for seg. Den sørafrikanske pianisten og orkesterleiaren Abdullah Ibrahim har med albumet Bombella bidrege til ei slik oppleving.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
20:28
0
kommentarer
søndag 21. mars 2010
September in the Rain
Det går mot vår og da er det kanskje underlig med en slik tittel på en bloggpost. Nei, ikke i det hele tatt. Jeg snakker om Roy Hargrove Big Band om albumet Emergence som ble omtalt her på bloggen 14.september.
YouTube tilbyr en snutt fra Vienne Jazz Festival i 2009, der Hargrove og hans fremragende band leverer et av høydepunktene fra albumet. Det er sjefen sjøl som synger.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
23:17
1 kommentarer
søndag 14. mars 2010
Nettopp hørt: Emergence (Roy Hargrove Big Band)
Våren 1988. Lederen for det som nå er The Jazz Gallery i New York, Dale Fitzgerald, er på en rundtur i Greenwich Village med en nyankommet trompetist fra Texas, Roy Hargrove. Etter et par timers trasking rundt i platebutikker, spør Fitzgerald hva Roy egentlig ønsker å få ut av talentet han åpenbart har. Svaret er haltende og litt usikkert: I'd like.....well,what I really want to have is.....I want to have a big band. Det skulle gå 21 år før første albumet med Roy Hargrove Big Band var klart.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
21:10
1 kommentarer
tirsdag 2. mars 2010
Sogndal storband feirer 30 år
Det har vore stille på Kvartventilen sidan oktober i fjor. Tida har gått med til alvor og tøys på Facebook og blant dei kvitrande, noko som på merkverdig vis dreg merksemd frå mykje anna som kunne vore kjekt å drive med. Men no skal Sogndal storband feire og då er det berre blogg-formatet som duger når nokre meir eller mindre velvalgte ord skal på papiret - eller skjermen.
Sogndal storband vart starta i 1979 og feira såleis 30 år i 2009. Storbandet har vore i drift meir eller mindre kontinuerleg i desse 30 åra og vi har etter beste evne prøvd å formidle jazzens storformat gjennom dansejobbar og konsertar .
Av ymse grunnar var det ikkje mogeleg for oss å arrangere konsert i sjølve jubileumsåret 2009, men no er vi klare og inviterer til feiring i Sogndal kulturhus, laurdag 6.mars kl 18.00.
Til konserten har vi invitert komponisten, arrangøren, orkesterleiaren og trombonisten Helge Sunde som vår gjest. Helge kjem opprinneleg frå Stryn, men bur no i Oslo. Han er særleg kjent for sitt arbeid med Oslo Groove Company på 80 og 90-talet, og dei seinare åra med hans eige band Ensemble Denada. Til konserten søndag har Sogndal storband fire av Helge sine komposisjoner/arrangement på programmet. Elles er programmet lagt opp som eit tversnitt av det storbandet har jobba med dei seinare åra - eit spenn frå dansemusikk og tradisjonell storbandswing, via Duke Ellingtons Second Sacred Concert til Helge Sundes moderne storbandjazz.
Med oss har vi også lokale gjester. Dansegruppa Chiribita frå Leikanger har laget koreografi til filmmusikken frå Rocky (Gonna Fly Now) og skulemusikantar frå Leikanger, Sogndal og Årdal vil spille eit fellesnummer saman med storbandet.
Du og alle du kjenner er hjarteleg velkommen til kulturhuset på laurdag til omlag halvannan time med musikk frå det eldste og einaste storbandet i Sogn.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
23:27
0
kommentarer
tirsdag 13. oktober 2009
Nettopp hørt: My One And Only Thrill (Melody Gardot)
Jada, jeg innrømmer det. Jeg har hørt Melody Gardot hos Skavlan. Og jada, jeg har vært på amazon.co.uk og kjøpt albumet. Ikke fordi jeg ble spesielt grepet av Gardots personlige historie som hun fortalte hos Skavlan, men fordi dette er bra musikk. Rett og slett.
Melody Gardot er 24 år og ganske så fersk på platemarkedet. Likevel, hun fremstår som en helstøpt sanger helt uten fiksfakserier og med en åpenbar sans for tradisjonell jazzsang. Jeg har tidligere her på bloggen bekymret meg for hvem som skal føre den tradisjonelle og stilrene jazzen videre i en tid der alt skal være crossover og stilblanding. Melody Gardot kan være en slik artist og det skal bli spennende å se hvor hun går videre. Personlig håper jeg at hun neste gang lager et album med standardlåter sammen med fullt storband. Litt i samme gate som Diana Krall gjorde sammen med Clayton-Hamilton Jazz Orchestra på From This Moment On.
My One And Only Thrill er et album der fokus er på Melody Gardot. Samtlige låter, untatt Over The Rainbow, er signert Gardot. Arrangementene er enkle og Gardot er mikset helt i front. Melody synger vakkert, men mot slutten av albumet blir det kanskje litt i overkant med oppmerksomhet rundt henne. Hun bruker en solid bunke med rutinerte studiomusikere fra Los Angeles og spesielt nevnes trombonisten Andy Martin og trompeteren Patrick Hughes. De tar seg av et par soloer, men hele tiden litt i bakgrunnen, for ikke å ta glansen fra Melody. For dette er og blir hennes album; vel verdt å lytte til og med et budskap om mye mer. En artist det skal bli spennende å følge videre.
Jeg er så gammeldags at jeg synes det er et poeng å kjøpe god musikk på CD. Det gir mulighet for å sjekke ut hvem som står bak en bra solo eller hvem som er opphavsmann til et bra arrangement. For My One And Only Thrill er dette bortkastet. Lay-outen er elendig og det meste er uleselig. Har du Spotify, så bruk det. Liker du å laste ned MP3 så gjør det. Coveret til denne CD'en har absolutt ingen informajonsverdi.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
22:56
0
kommentarer
onsdag 30. september 2009
Jazz på "Fruktbare dagar"
Til helga er Leikanger staden om du er glad i jazz.
Fredag 2.oktober, kl. 20.00 held Lena Skjerdal Trio konsert i "Saften". Dette er første konserten som blir arrangert i Leikanger si nye storstove, og publikum vil får høyre musikk frå Lena Skjerdal sin siste CD Home. Lena Skjerdal Trio er: Lena Skjerdal, vokal; Erik Håkon Halvorsen, piano; Magne Thormodsæther, bass.
Laurdag 3.oktober, frå kl. 22.00 spelar Sogndal Storband til dans på Sognefjord Hotel (Knausen). Her kan folk danse til standardlåtar innanfor swing, cha cha, latin og rolege balladar. Sogndal Storband stiller med: Odrun Ugulsvik Myklebust, vokal; Roar Sandnes, Karianne Schmidt-Vindenes, Gunnar Onarheim, Bjørn Erik Pedersen og Arvid Mellingen, saksofoner; Svein Ølnes, Gunvor Lidal, Roar Saue og Eli Nina Onarheim, trompeter; Tom Sølve Myklebust, Anita Instefjord, Frode Saue og Paal Fosdal, tromboner; Erik Håkon Halvorsen, piano; Øystein Åsnes, bass; Ståle Brandshaug, trommer.
Lagt inn av
Paal Fosdal
kl.
13:34
0
kommentarer

